PDA

Vis full versjon : Josefines trange fødsel (ikkje for pyser...)


Josefine
26-08-2002, 17:25
Jonas hadde det ganske så travelt!!

Eg hadde termin i morgon (27.08), men den 07.08 gjekk slimproppen om morgonen og vatnet om ettermiddagen. Eg hadde vore på kontroll dagen før, og legen fortalde at hovudet ikkje hadde festa seg enno. Så viss vatnet skulle gå, måtte eg ringe etter sjukebil og kome meg liggande til føden slik at navlestrengen ikkje vert inneklemt. Det tok litt tid før eg forstod at det var fostervatn, men etter ein times tid var eg då på sjukehuset og vart kobla til CTGen.

Riene var ikkje noko særleg å skryte av, men det varte ikkje lenge før dei kom godt i gang. Opningsfasen var ganske gjennomsnittleg med omtrent ein cm i timen, men etter 8 cm hadde eg så vondt i korsryggen at eg ikkje greidde å slappe av innimellom riene. Etter at verken massasje eller homøopatiske middel hjelpte fekk eg ei sprøyte i baken for å greie å slappe av.

I fire-tida om morgonen den 08.08 kom pressriene, og då var det slutt på kontrollert pusting. :p Etter omtrent ein time utan framgang - bekkenet var for trangt - ba jordmora meg setje meg på fødekrakken (fram til då hadde eg stått fordi det gjorde minst vondt ). Det skjedde visst ikkje heilt utan protestar - fortalde josefinemannen etterpå. På dette tidspuktet registrerte eg ikkje mykje meir enn riene og det jordmora sa. Då heller ikkje krakken førte fram (Jonas stod framleis fast midt i bekkenet), fekk eg beskjed om å legge meg på senga. "Nei, det vil eg ikkje!" skal eg ha sagt, men jordmora fekk då viljen sin. :latter: Men heller ikkje det hjelpte... Etter eit par pressrier i horisontal stilling med ei jordmor som pressa på magen, ei som sa "litt til!" "du klarer det!", og ein lege som vurderte situasjonen sidan pulsen var blitt veldig lav (og Josefine som skreik "eg vil ikkje meir!!!") leitte dei fram saks og vakuum og vekte vakthavande overlege. Og då varte det heldigvis ikkje lenge (men det var vondt nok - fekk jo berre lokalbedøvelse i mellomvevet) før Jonas var fødd.

Overlegen kom rundt senga med han så eg fekk sjå han før dei spang til naborommet for å fjerne grumset han hadde fått i lungene. Etter at morkaka var ute vart eg sydd, og josefinemannen (som hadde vore våken i eit heilt døgn og var stuptrøytt) fekk arvingen (fødd kl. 05.21, 50 cm, 3330 g, Apgar 9/10/10) på armen.

Me hadde håpa på å kome heim ganske raskt, men kvelden før me skulle reise vart Jonas veldig gul. Leververdien (trur det var billirubin dei kalla han) var oppe i 20,8, og trass i lengre opphald i solarium tok det fire dagar før den kom under 15 og me kunne reise heim.

Men no er alle friske og raske igjen, og me nyt det nye tilværet som familie. :)

:mervink: Josefine

fabel
27-08-2002, 16:23
Gratulerer med lille store Jonas :klapp:
Takk for at vi fikk lese historien, alltid like kjekt!
Lykke til i tiden fremover, gleder meg bare til det blir min tur.

fabel 29+1

Vimsen
28-08-2002, 12:55
Gratulerer med gutten !!!


Og fint at alt gikk bra TIL SLUTT :)

KLemmer
Vimsen T-6

Tidl. bruker
29-08-2002, 01:34
Gratulerer med gutten:klapp:

Kjempefin rapport, slutten minte meg litt om min egen fødsel, men vi slapp vakum såvidt:uff:
Også fikk jo eg kl.01.29. samme natta:D